Bokmelding av Torgeir Higraff

Asgeir Ueland: Bergholm, «Historien om båten fra Shetlandsgjengen»

Bergholm er for meg meir enn spennande krigshistorie, og meir enn ei gripande og lite kjend historie om kysten sine pionerar slik omslaget lover. Eg har sett min eigen farkost bli øydelagt på havet, og veit at eit fartøy har ei slags sjel.

Heilt fram til at båten blir skoten ned og den dramatiske evakueringa i robåt i mars 1943 er det ei mengde små historier som alle hadde vore verdig ein film. Krigsåra var proppfulle av action. 

Boka gir og i svært god framstilling av korleis faren til Rasmus og Johan nærmast som ein Isak frå Hamsun bygger sin Sellanrå ut av det forblåste fiskeværet Vetvika. Eg og familien prøvde for nokre år sia å overnatte i telt ei natt i den vika, og måtte gi opp. At folk budde der er utruleg.

Det er også veldig spennande å lese om korleis dei to unge mennene fekk laga eit firma som tente godt på det gode sildefisket utanfor Florø og Måløy. Dei tok stor risiko, visste om moglegheitene for å forbetre båtane og kjøpte fleire båtar på kreditt. Dei må ha vist til store inntekter, dei kom frå ingenting og vart nærmast skipsreiarar på berre fem-seks år. 

Historia frå Davies-stredet interesserte meg, fordi eg har vore på ekspedisjon der kor eg intervjua alle de resterande polareskimoane som framleis driv jakt, fangst og fiske. Eg kjenner difor all historie derfrå godt, men dette vestnorske bidraget visste eg ikkje om. 

Boka er godt strukturert, med spenning heile tida. Når brørne Vetvik er på gamle trakter frå 1935 tenker lesaren at historia er slutt, men så kjem Shetland og dei blir vikla inn i dramatikken der. Også interessant at dei for heilt til Frankrike for å selje fangsten sin ei god stund før krigen, berre den turen må ha vore strabasiøs!

Det er fleire kapittel som egner seg godt for manus til spelefilm eller serie på Netflix, som «Fra Tirpitz til Bergholm». Turane frå Scalloway til Træna vinterstid var hårreisande og fulle av livsfare som fiendtlege fly, ubåtar og miner.

Men når karane kom i land var problema langt frå over. Da var oppdraget så vidt starta. Historia om Archer-Heron-operasjonen gir innsikt i kor krevjande det var å drive etterretningsarbeid i Nordland. Utan forsyningar vart det tøffe vintre. Og lagmoralen var så som så. Eg veit at det kan hardt å holde teamet ved godt mot på havet, men Shetlandsgjengen opplevde i tillegg å få nye kommando-linjer og utskifting av leiar – ein enorm prøvelse for moralen i eit team som skulle lide seg gjennom månader med dårleg vær og lite mat, omringa av tyske soldatar. Faktisk er eg sjokkert over kor kaotisk ein London-leia operasjon som dette var. Nesten berre tilfeldig at båten Bergholm blir redninga.

Bergholm er eit stykke norsk maritim heltehistorie som strekk seg over fleire tiår. På dekket drog dei inn håbrand og kveite, speida etter miner, og berga liv etter kampane i 1940. Dei frakta varer på Island og frakta agentar frå Shetland til Norge. Eg anbefaler å lese om alt dette, og eg blir i tillegg inspirert til å segle i Bergholm sine farvatn – i fredstid.